fredag 26. juni 2009

Søken etter jobb

Har i dag vert på mitt andre jobbintervju. Stillinga er it-medarbeidar hos Norgesvinduet Bjørlo AS. Tok turen opp til Nordfjordeid, og sitter igjen med eit fint inntrykk av bedrifta. Får ikkje svar før i August, så kan nok ikkje slutte å lese gjennom stillingsannonser, men alltid godt å ha gjennomført eit interjvu som ein sjølv føler gjekk fint. 

Nå er det heim til Askvoll. Må sei det blir godt å komme heim. Iallefall med dette fantastiske veiret som er nå, må det berre vare og vare :)


søndag 21. juni 2009

Sommerferie, eller?

Blei mandag 15 juni ferdig med studentlivet, og har nå bachelorgrad i Informasjonsbehandling. Studiet er gjennomført med Høgskulen i Sogn og Fjordane og eg er svært fornøgd med Sogndal som stuideplass.

Så tilbake til begrepet sommerferie. Sjølvsagt er det flott å få fri og få tilbringe ei god stund heime i kjære Askvoll med gode venner og familie. Men når ein har passert 21, og skal begynne å jobbe til høsten så gjelder det å bruke tid på å finne jobber, skrive søknader og delta på intervju. Ein vil jo gjerne og jobbe i sommar månadane juni, juli og delvis august for å tene litt pengar.

Det var ikkje sånn når ein var ung. (Tenker då i hovudsak på klassetrinna 1-10 klasse). Då var det alltid ein fantastisk følelse når ein var ferdig med skulen, og hadde fri i heile 2 månader. Var nok eit av høgdepunkta for mange. Sjølv om mange i den aldersgruppa også jobber, er det aldri same ansvaret på dei som ein får når ein blir eldre. Men det er vel ein del av det å vokse opp. Få og ta ansvar.

Men inn i mellom alt skal ein jo nyte sommaren litt også. Eg har fleire ting og sjå fram til. Helga 10-11 juli skal eg til Florø (fotballflora) med kompisar frå Askvoll, og satsar på å møte igjen klassekamerater som eg har gått i klasse med i 3 år på høgskulen og som eg gledar meg til å treffe igjen. Sjølv om det ikkje er så lenge sida vi møttast sist, så det kan fort bli lenge til eg ser dei igjen. Ellers er det jo fest og mykje kjekt som skjer i Askvoll, og ein møter på mange gamle kjentfolk :)

Den 1 august tar eg og 5-6 andre kompisar turen til Sverige. Vi har der leigd ei hytte for 1 veke, som skal brukast til grilling, pilsing og 100% avslapping før vi alle tar steget tilbake til “real life”. Nokon av oss skal begynne å studere, nokon skal fortsette å studere, medan meg sjølv skal begynne å jobbe når alt blir klart der. 

Phu, langt innlegg. Nå er det tilbake til lesing av bilteori.

God sommar folkens! :)

torsdag 4. juni 2009

Årets sommerhit?

Såg på dagbladet at paradise Petter har trua på at han kjem med årets sommarlåt. Eg har mine store tvil. Klipp på 30 sekund holdt for meg.

Personlig har eg trua på Donkeyboy - Ambition

Faktisk ein sang eg klarer å høyre på utan å få ildt djupt inne i meg. Husker med skrekk og gru tilbake til sommaren da Sandra Lyng Haugen hadde songen sommerflørt. The Pain. 

Og det skal seiast at dersom Fairytale blir ein sommarhit, blir eg skremt over Noregs befolkning. 

Kva håper du blir sommar hitten 2009?

onsdag 3. juni 2009

Opera 10 beta klar for nedlasting

For å laste ned: 

Opera 10 beta 

For å lese nyheite rundet betaen:

Eg har lasta ned og skriv no dette blogginnlegget i betaen. Har ikkje opplevd nokon problem enda. 


mandag 4. mai 2009

Travel veke

Etter ei fin helg heime med konfirmasjon til lillebroren min med mykje god mat og slekt som det er lenge sida eg har møtt er det nå tilbake til kvardagen.

Reiser tilbake til Sogndal i ettermiddag med ekspressen, før veka begynner for alvor. Tirsdagsmorning, langkøyring til Førde og oppsummeringstime etterpå. (Nærmar meg oppkøyring). Seinare på dagen gjere klar presentasjon som skal framførast på onsdag når eg, min arbeidskollega i bacheloroppgåva og veiledaren vår reiser til Oslo for å delta i knutepunktmøte for digital kompetanse. Til Oslo og heim igjen same dagen.

Torsdag har eg tenkt å prøve meg på bilteori. Etter det blir det jobbing med bacheloroppgåve torsdag og fredag, satser på å ha fått data som kan analyserast og lage grafer av til då. 

Så skal man jo helst få prøvd å trene litt i veka og. Jaja, det skal bli spennande!

Lørdag = helg og x-russefest på meieriet. Blir sikkert kjekt :)

tirsdag 28. april 2009

Opera feirer 15 år!

Som ivrig Opera brukar føler eg det er greit å nemne dei i min lille blogg her.  Gratulere! 

Her finner du og 15 gode grunnar for å ta i bruk Opera. (Engelsk vel og merke men)

http://www.opera.com/portal/15/reasons/

søndag 26. april 2009

Bruk Twitter meir effektivt med nettlesarutvidningar

Dei fleste veit nok at det finst mykje småprogram til nettfenomenet twitter. Eg skal her gå innpå eit par som kan brukast ilag med nettlesarane Opera og Firefox. Det er godt kjendt blandt dei fleste som har høyrt om andre nettlesarar enn Internett Explorer, at Firefox har eit enormt utvidingspotensiale med bruk av add-ons. Det er deimot kanskje ikkje like mange som veit at det finst småprogram til Opera også, nemlig med å ta i bruk widgets.

Til opera har eg testa ut dette småprogrammet:

http://widgets.opera.com/widget/7206/

Medan til Firefox har eg testa:

https://addons.mozilla.org/en-US/firefox/addon/5081

Det skal seiast at det finst mykje meir add-ons som går på Twitter til Firefox enn Opera, men den eg går gjennom her er ein av dei med mest omtaler og høgast antal nedlastingar. 

Opera sitt småprogram har desse muligheitane:

  • Statusoppdateringar (Ein kan også klikke innpå bilde og få kun oppdateringar fra den personen inne i programmet. Klikkar man på brukarnamnet kjem man innpå nettsida.)
  • Svar
  • Direkte meldingar
  • Arkiv
  • Søk
  • Og sjølvsagt post ny tweet.

Firefox sin add-on har desse muligheitane:

  • Statusoppdateringar
  • Svar
  • Direkte meldingar
  • Og sjølvsagt post ny tweet. 

Det er ikkje vanskelig å sjå at utvidningen til Opera i dette tilfellet er meir funksjonsrik. 

lørdag 28. mars 2009

Sogndal, stao no pao!

Då er det ikkje lenge igjen til 1. divisjon startar. For mange ein relativt kjedeleg liga, men det er nå oss som heiar på lag "der nede" og. Som regel når folk spør meg om kva klubb eg heiar på i England og Noreg, og eg svarar Sogndal, så lurer dei på kvifor eg ikkje har noko favoritt lag i England. Det er jo der det er action, der det er bra kampar? Joda, eg ser kampar frå Premier League frå tid til annan, og det er god fotball, men det er vel ingen grunn til å ha eit favoritt lag der?

Nei, takke meg til Sogndal. Ein av grunnane til at eg støttar Sogndal er nok fordi eg har budd i bygda for 3 året på rad nå, og det skal jo litt til å ikkje bli involvert i heile tatt. Ellers er det jo det laget nærmast heimstaden som ligger høgast oppe i systemet, og har vert på nokre heimekampar opp gjennom åra. Det er tøft at eit lag frå ei såpass lita bygd som Sogndal kjempar i toppen! Dei fleste fekk nok med seg at Sogndal kom nære opprykk i fjor, sjølv om dei ikkje klarte å yte mykje motstand mot eit altfor sterkt Ålesund ilag. Men etter å ha vert på generalprøva i dag, mot LøvHam der Sogndal vant fint 4-0, har eg trua igjen. Dei har hatt ein god oppvarmingsrunde, ingen tap hittel, og det lovar godt mot seriestart 7 april.  Sidan ligaen startar i påskeferien, er eg nok heime og får ikkje med meg fyrste kampen live. Men kamp skal det alltids bli takka vere NRK. http://www.nrksport.no/fotball/eliteserien/1.6510077

Eg ynskjer alle 1. divisjon supporterar lykke til, og måtte det beste laget rykke opp :)

Heilt til slutt eit par songar for å komme i riktig stemning. 

http://www.youtube.com/watch?v=JyYevYDkZiY

http://www.youtube.com/watch?v=2oojHdAz9RU

http://www.youtube.com/watch?v=IIkafG6llwM


fredag 13. mars 2009

Ny mobil.

Har endelig tatt steget til å kjøpe ny mobiltelefon. Endte til slutt på Nokia N95 8GB black. 

Satsar på at eg blir fornøgd med kjøpet, og gledar meg til å teste den.