søndag 26. april 2009

Bruk Twitter meir effektivt med nettlesarutvidningar

Dei fleste veit nok at det finst mykje småprogram til nettfenomenet twitter. Eg skal her gå innpå eit par som kan brukast ilag med nettlesarane Opera og Firefox. Det er godt kjendt blandt dei fleste som har høyrt om andre nettlesarar enn Internett Explorer, at Firefox har eit enormt utvidingspotensiale med bruk av add-ons. Det er deimot kanskje ikkje like mange som veit at det finst småprogram til Opera også, nemlig med å ta i bruk widgets.

Til opera har eg testa ut dette småprogrammet:

http://widgets.opera.com/widget/7206/

Medan til Firefox har eg testa:

https://addons.mozilla.org/en-US/firefox/addon/5081

Det skal seiast at det finst mykje meir add-ons som går på Twitter til Firefox enn Opera, men den eg går gjennom her er ein av dei med mest omtaler og høgast antal nedlastingar. 

Opera sitt småprogram har desse muligheitane:

  • Statusoppdateringar (Ein kan også klikke innpå bilde og få kun oppdateringar fra den personen inne i programmet. Klikkar man på brukarnamnet kjem man innpå nettsida.)
  • Svar
  • Direkte meldingar
  • Arkiv
  • Søk
  • Og sjølvsagt post ny tweet.

Firefox sin add-on har desse muligheitane:

  • Statusoppdateringar
  • Svar
  • Direkte meldingar
  • Og sjølvsagt post ny tweet. 

Det er ikkje vanskelig å sjå at utvidningen til Opera i dette tilfellet er meir funksjonsrik. 

1 kommentar:

  1. Eg brukar firefox til vanlig, så firefox add-on er eit must. Fungerar bra den. Eg er fornøgd iallefall. Slippe å vere innpå sida heile tida for å få med ting:)

    SvarSlett