fredag 26. juni 2009

Søken etter jobb

Har i dag vert på mitt andre jobbintervju. Stillinga er it-medarbeidar hos Norgesvinduet Bjørlo AS. Tok turen opp til Nordfjordeid, og sitter igjen med eit fint inntrykk av bedrifta. Får ikkje svar før i August, så kan nok ikkje slutte å lese gjennom stillingsannonser, men alltid godt å ha gjennomført eit interjvu som ein sjølv føler gjekk fint. 

Nå er det heim til Askvoll. Må sei det blir godt å komme heim. Iallefall med dette fantastiske veiret som er nå, må det berre vare og vare :)


søndag 21. juni 2009

Sommerferie, eller?

Blei mandag 15 juni ferdig med studentlivet, og har nå bachelorgrad i Informasjonsbehandling. Studiet er gjennomført med Høgskulen i Sogn og Fjordane og eg er svært fornøgd med Sogndal som stuideplass.

Så tilbake til begrepet sommerferie. Sjølvsagt er det flott å få fri og få tilbringe ei god stund heime i kjære Askvoll med gode venner og familie. Men når ein har passert 21, og skal begynne å jobbe til høsten så gjelder det å bruke tid på å finne jobber, skrive søknader og delta på intervju. Ein vil jo gjerne og jobbe i sommar månadane juni, juli og delvis august for å tene litt pengar.

Det var ikkje sånn når ein var ung. (Tenker då i hovudsak på klassetrinna 1-10 klasse). Då var det alltid ein fantastisk følelse når ein var ferdig med skulen, og hadde fri i heile 2 månader. Var nok eit av høgdepunkta for mange. Sjølv om mange i den aldersgruppa også jobber, er det aldri same ansvaret på dei som ein får når ein blir eldre. Men det er vel ein del av det å vokse opp. Få og ta ansvar.

Men inn i mellom alt skal ein jo nyte sommaren litt også. Eg har fleire ting og sjå fram til. Helga 10-11 juli skal eg til Florø (fotballflora) med kompisar frå Askvoll, og satsar på å møte igjen klassekamerater som eg har gått i klasse med i 3 år på høgskulen og som eg gledar meg til å treffe igjen. Sjølv om det ikkje er så lenge sida vi møttast sist, så det kan fort bli lenge til eg ser dei igjen. Ellers er det jo fest og mykje kjekt som skjer i Askvoll, og ein møter på mange gamle kjentfolk :)

Den 1 august tar eg og 5-6 andre kompisar turen til Sverige. Vi har der leigd ei hytte for 1 veke, som skal brukast til grilling, pilsing og 100% avslapping før vi alle tar steget tilbake til “real life”. Nokon av oss skal begynne å studere, nokon skal fortsette å studere, medan meg sjølv skal begynne å jobbe når alt blir klart der. 

Phu, langt innlegg. Nå er det tilbake til lesing av bilteori.

God sommar folkens! :)

torsdag 4. juni 2009

Årets sommerhit?

Såg på dagbladet at paradise Petter har trua på at han kjem med årets sommarlåt. Eg har mine store tvil. Klipp på 30 sekund holdt for meg.

Personlig har eg trua på Donkeyboy - Ambition

Faktisk ein sang eg klarer å høyre på utan å få ildt djupt inne i meg. Husker med skrekk og gru tilbake til sommaren da Sandra Lyng Haugen hadde songen sommerflørt. The Pain. 

Og det skal seiast at dersom Fairytale blir ein sommarhit, blir eg skremt over Noregs befolkning. 

Kva håper du blir sommar hitten 2009?

onsdag 3. juni 2009

Opera 10 beta klar for nedlasting

For å laste ned: 

Opera 10 beta 

For å lese nyheite rundet betaen:

Eg har lasta ned og skriv no dette blogginnlegget i betaen. Har ikkje opplevd nokon problem enda.