lørdag 28. mars 2009

Sogndal, stao no pao!

Då er det ikkje lenge igjen til 1. divisjon startar. For mange ein relativt kjedeleg liga, men det er nå oss som heiar på lag "der nede" og. Som regel når folk spør meg om kva klubb eg heiar på i England og Noreg, og eg svarar Sogndal, så lurer dei på kvifor eg ikkje har noko favoritt lag i England. Det er jo der det er action, der det er bra kampar? Joda, eg ser kampar frå Premier League frå tid til annan, og det er god fotball, men det er vel ingen grunn til å ha eit favoritt lag der?

Nei, takke meg til Sogndal. Ein av grunnane til at eg støttar Sogndal er nok fordi eg har budd i bygda for 3 året på rad nå, og det skal jo litt til å ikkje bli involvert i heile tatt. Ellers er det jo det laget nærmast heimstaden som ligger høgast oppe i systemet, og har vert på nokre heimekampar opp gjennom åra. Det er tøft at eit lag frå ei såpass lita bygd som Sogndal kjempar i toppen! Dei fleste fekk nok med seg at Sogndal kom nære opprykk i fjor, sjølv om dei ikkje klarte å yte mykje motstand mot eit altfor sterkt Ålesund ilag. Men etter å ha vert på generalprøva i dag, mot LøvHam der Sogndal vant fint 4-0, har eg trua igjen. Dei har hatt ein god oppvarmingsrunde, ingen tap hittel, og det lovar godt mot seriestart 7 april.  Sidan ligaen startar i påskeferien, er eg nok heime og får ikkje med meg fyrste kampen live. Men kamp skal det alltids bli takka vere NRK. http://www.nrksport.no/fotball/eliteserien/1.6510077

Eg ynskjer alle 1. divisjon supporterar lykke til, og måtte det beste laget rykke opp :)

Heilt til slutt eit par songar for å komme i riktig stemning. 

http://www.youtube.com/watch?v=JyYevYDkZiY

http://www.youtube.com/watch?v=2oojHdAz9RU

http://www.youtube.com/watch?v=IIkafG6llwM


fredag 13. mars 2009

Ny mobil.

Har endelig tatt steget til å kjøpe ny mobiltelefon. Endte til slutt på Nokia N95 8GB black. 

Satsar på at eg blir fornøgd med kjøpet, og gledar meg til å teste den.