søndag 21. juni 2009

Sommerferie, eller?

Blei mandag 15 juni ferdig med studentlivet, og har nå bachelorgrad i Informasjonsbehandling. Studiet er gjennomført med Høgskulen i Sogn og Fjordane og eg er svært fornøgd med Sogndal som stuideplass.

Så tilbake til begrepet sommerferie. Sjølvsagt er det flott å få fri og få tilbringe ei god stund heime i kjære Askvoll med gode venner og familie. Men når ein har passert 21, og skal begynne å jobbe til høsten så gjelder det å bruke tid på å finne jobber, skrive søknader og delta på intervju. Ein vil jo gjerne og jobbe i sommar månadane juni, juli og delvis august for å tene litt pengar.

Det var ikkje sånn når ein var ung. (Tenker då i hovudsak på klassetrinna 1-10 klasse). Då var det alltid ein fantastisk følelse når ein var ferdig med skulen, og hadde fri i heile 2 månader. Var nok eit av høgdepunkta for mange. Sjølv om mange i den aldersgruppa også jobber, er det aldri same ansvaret på dei som ein får når ein blir eldre. Men det er vel ein del av det å vokse opp. Få og ta ansvar.

Men inn i mellom alt skal ein jo nyte sommaren litt også. Eg har fleire ting og sjå fram til. Helga 10-11 juli skal eg til Florø (fotballflora) med kompisar frå Askvoll, og satsar på å møte igjen klassekamerater som eg har gått i klasse med i 3 år på høgskulen og som eg gledar meg til å treffe igjen. Sjølv om det ikkje er så lenge sida vi møttast sist, så det kan fort bli lenge til eg ser dei igjen. Ellers er det jo fest og mykje kjekt som skjer i Askvoll, og ein møter på mange gamle kjentfolk :)

Den 1 august tar eg og 5-6 andre kompisar turen til Sverige. Vi har der leigd ei hytte for 1 veke, som skal brukast til grilling, pilsing og 100% avslapping før vi alle tar steget tilbake til “real life”. Nokon av oss skal begynne å studere, nokon skal fortsette å studere, medan meg sjølv skal begynne å jobbe når alt blir klart der. 

Phu, langt innlegg. Nå er det tilbake til lesing av bilteori.

God sommar folkens! :)

2 kommentarer:

  1. For det første så blir du aldri ferdig med å studere! for andre er vi 6-7 som reiser på tur! og for det tredje så kan vi vere vekke lengre enn ei veke!!!
    god sommar

    SvarSlett
  2. Eg og 5-6 andre står det, så det er rett skreve ;)
    Vi kan ja, men det spørst om eg får meg jobb og kortid eg skal begynne.
    God sommar :)

    SvarSlett